Ekstern annonse
Introduksjonslege
Vil du bli allmennspesialist? Hos oss får du to år med open, uselektert praksis og verdifull erfaring frå legevakt.
Tysnes kommune har oppretta ei 2‑årig introduksjonsstilling i allmennmedisin. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønsker brei erfaring i allmennmedisin og verdifull praksis frå legevakt - utan dei forpliktingane som følger med å ha eiga fastlegeliste. Stillinga gir òg tellande praksis for spesialitet i allmennmedisin, og du får rettleiing ved legesenteret.
Du blir tilsett i eit engasjement på inntil to år i Tysnes kommune, i ei fulltidsstilling, der du er kommunalt lønna og ikkje næringsdrivande. Introduksjonslegen blir ein del av ALIS‑ordninga, gjennom ein introduksjonsavtale mellom kommunen, fastlegane og legen sjølv. Oppstart er snarleg, men kan tilpassast noko etter avtale. Det er ein føresetnad at introduksjonsavtalen blir signert innan seks månader etter vedtaket frå Helsedirektoratet.
Du kan lese meir om ordninga på Helsedirektoratet sine sider om introduksjonsavtalar i allmennmedisin og på ALIS‑ordninga sine nettsider.
Tysnes legekontor held til i Rådhuset i Uggdal. Her arbeider tre fast tilsette legar, kommuneoverlege, LIS1‑lege, to sjukepleiarar og einingsleiar. To av legane er spesialistar i allmennmedisin, og den samla listestorleiken er om lag 3000 pasientar. Legesenteret nyttar Infodoc som journalsystem.
Arbeidsoppgåver
- Konsultasjonar og pasientoppfølging på fleire av fastlegane sine lister
- Brei allmennmedisinsk praksis med uselektert pasientgrunnlag
- Deltaking i kommunal legevakt
- Samhandling og tverrfagleg samarbeid med øvrig helsepersonell
- Bidra i faglege møte og vere med på utvikling av gode rutinar og praksis ved legekontoret
Som introduksjonslege vil du ikkje ha eiga liste, men du vil arbeide på dei andre legane sine lister og bidra i oppfølginga av pasientar der.
Kvalifikasjonskrav
Me ser etter deg som har:
- norsk autorisasjon og godkjent LIS1 eller tilsvarande
- førarkort klasse B
- gode kommunikasjonsferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
- gode grunnleggande datakunnskapar
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.
Personlege eigenskapar
- Du er lærevillig og motivert for å utvikle deg vidare i allmennmedisin
- Du arbeider strukturert og sjølvstendig, men er trygg på å be om råd når det trengst
- Du er ansvarleg og har gode vurderingsevner
- Du kommuniserer godt og trivst i eit tverrfagleg miljø
- Du samarbeider godt med både kollegaer og andre faggrupper
- Du møter pasientar med respekt og tryggleik
- Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet og er open for rettleiing
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Hos oss får du verdifull og variert praksis i allmennmedisin og legevakt. Du får gode moglegheiter for fagleg utvikling, og vi tilbyr rettleiing og tett oppfølging ved kontoret.
Stillinga ligg til lønskapittel 5, med løn etter avtale og årleg lønsregulering gjennom lokale forhandlingar.
Som tilsett hos oss blir du medlem i KLP – Kommunal Landspensjonskasse. Det gir ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og du får høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du òg ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.