Ekstern annonse
Lege i spesialisering - psykiatri
Vi søker to engasjerte og fagleg nysgjerrige legar i spesialisering (LIS) innan psykiatri til faste stillingar ved vår poliklinikk.
Stillingane har arbeidsstad i Volda og er del av eit utdanningsrotasjonsprogram retta mot spesialisering som overlege i psykiatri/psykiater.
Klinikk for psykisk helsevern og rus tilbyr heile spesialiseringsløpet lokalt utan behov for tenestetid ved universitetssjukehus, men for stillingane i Volda er det naudsynt med tenestetid ved psykiatrisk avdeling ved Ålesund sjukehus. LIS 3 stillingane i Ålesund er saman med LIS1 stillingar del av det som i dag er ein 14-delt vaktordning. Det er ikkje vakt-teneste når ein arbeider i Volda.
Som LIS er du ein del av eit miljø med fast undervisning og vekentleg veiledning.
Ønsker du meir informasjon om utdanninga som psykiater finn du dette på heimesida til HMR eller ved å kontakte utdanningsansvarleg overlege Jan Betten, e-post jan.betten@helse-mr.no
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
- Vaktarbeid
- Samarbeid med andre faggrupper i pasientbehandling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må då vere oppfylte før tiltreding
- God meistring av norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Du har evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
- Du har interesse for psykiatri og psykiske lidingar
- Du har engasjement for å bidra til vidareutvikling av psykisk helsevern på Sunnmøre
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Eirik Molvær, Avdelingssjef, +47 70 16 73 00, Eirik.Molver@helse-mr.noArbeidsstad
Hamnegata 206100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5028848868
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2026