Ekstern annonse
Lege i spesialisering innan psykiatri
Vi har ledig 1 års vikariat for lege i spesialisering innan psykiatri ved Akuttpsykiatri SNR. Oppstart 01.09.26 eller etter nærare avtale.
Vi tilbyr alle nødvendige delar av spesialistutdanninga i psykiatri. Våre LIS-legar gir tilbakemeldingar om eit hyggeleg og godt arbeidsmiljø, og høg grad av tilfredsheit med spesialistutdanninga.
For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane, slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Om ønskeleg kan tilpassa arbeidstid diskuterast.
Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillinga vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga.
Akuttpsykiatri SNR har 10 senger og ligg i det nye bygget til sjukehuspsykiatrien, ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal(SNR) på Hjelset i Molde.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar
- Sjølvstendig arbeid med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar
- I samarbeid med psykiater gjere vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling
- Deltaking i vaktordning
- Bidra i rettleiing av LIS1 og medisinstudentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning.
- LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må vere oppfylte før tiltreding.
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Cand.med som ventar på å gjennomføre LIS1 kan vere aktuell for avgrensa vikariat i tidsrommet 01.09.26-28.02.27
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du kommuniserar godt både internt og eksternt
- Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg
- Du har en interesse for psykiatri
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei god spesialistutdanning i psykiatri med hyggelege kollegaer og fornøyde LIS3.
- Vi tilstreber å legge til rette for gode spesialiseringsløp for LIS3, med moglegheit for å legge til rette både i forhold til rekkefølge på rotasjon, vaktbelastning og arbeidstid.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
- Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Regionen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5151925043
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 09.08.2026