Ekstern annonse

Legevikariat

Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune - Møre og Romsdal
Håkonsgata 78, 6150 ØRSTA
Vikariat Andre legestillinger Deltid Søknadsfrist: 10. Mai 2026

Ein av våre legar har permisjon og det er difor ledig 80 % vikariat for periode d.d.-31.07.2027.

Stillinga er delt mellom 50 % på helsestasjon og 30 % på sjukeheim. Dersom du ønsker å søke på berre delar av stillinga, kan det vere mogleg å søke på 50 % helsestasjon eller 30 % sjukeheim, og kombinere dette med t.d. legevakt. Stillinga har ikkje legevaktsplikt, men det kan vere mogleg å gå legevakt dersom du sjølv ønsker det

Du kan få tellande både sjukeheims- og helsestasjonspraksis i ALIS-løpet dersom det er aktuelt for deg, sidan vi har både helsestasjon og sjukeheim som læringssarena i vår generelle utdanningsplan for ALIS

Legetenesta i Ørsta består elles av 15 fastlegar og to LIS1-stillingar som alle er lokaliserte ved Ørsta helsesenter, samt kommuneoverlege i 100 % stilling.
Du vil få høve til å delta på vekentlege møte på Ørsta helsesenter og slik vere ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune.

Helsestasjon/skulehelseteneste:

Arbeidet vil i hovudsak vere obligatoriske legekontrollar i samsvar med helsestasjonsprogrammet. I tillegg deltek ein på helsestasjon for ungdom (HFU).

Legen er også tilknytta og samarbeidar med:

  • Helsestasjonsteam, helsesjukepleiarar som har helsestasjon 0-5 år
  • Skuleteam, helsesjukepleiarar som arbeider ute i skulehelsetenesta

Ein har også kontakt med skulane og elevar/føresette ved behov.

Legen er ansvarleg for alle førsteklasseundersøkingane og enkelte konsultasjonar for barn som kjem som flyktningar. Det kan også verte aktuelt med oppfølging av flyktningar i samband med helseundersøkinga som dei får tilbod om.

 

Helsestasjonen har eigen avdelingsleiar som vil vere din leiar i delen av stillinga som er knytt til helsestasjonen. Elles er det omtrent 12 årsverk fordelt på 17 tilsette. I tillegg til helsestasjonslege har vi jordmor, merkantil ressurs, kommunepsykolog og engasjementstilling for familieterapeut. Resterande er helsesjukepleiarstillingar. Fysioterapeut er knytt til helsestasjon 0-5 år i 20 % stilling.

Ørsta er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og vi er godt i gang med implementering av denne måten å jobbe systematisk og tverrfagleg rundt barn og familiar.

Helsestasjonen er lokalisert i same bygg som ergo, fysio, friskliv og Ørsta helsesenter(fastlegane).

 

Sjukeheim:

Kommunen har to sjukeheimslegestillingar. I tillegg til denne som er utlyst, er det 90 % stilling ved Ørstaheimen. Tenesteleiar for omsorgs og sjukeheim er leiar for sjukeheimslegane.

Arbeidstida er fordelt med ein fast dag i veka ved Hjørundfjordheimen på Sæbø og ein halv fast dag i veka ved Vartdal Helsetun på Vartdal.
Det kan vurderast ei anna fordeling av arbeidstida dersom dette er meir føremålstenleg.


Arbeidsoppgåver

Helsestasjon:

  • legeoppgåver ved helsestasjon og HFU
  • du kan inngå i fleire team på hesestasjonen(skuleteam, helsestasjonsteam)
  • enkelte førstegongskontrollar for barn som kjem som flyktningar

Sjukeheim:

  • tilsynslegeoppgåver ved Vartdal helsetun og Hjørundfjorheimen på Sæbø

Kvalifikasjonar

  • du oppfyller krava i Forskrift om kompetansekrav for leger
  • du uttrykker deg godt på norsk både munnleg og skriftleg
  • det er krav om godkjend politiattest
  • du har førarkort, klasse B og kan disponere eigen bil i teneste

Personlege eigenskapar

Vi søker etter ein lege som

  • likar å jobbe både sjølvstendig og samarbeide med andre
  • skaper gode relasjonar til born, eldre, føresette og pårørande
  • er opptatt av fagutvikling
  • har interesse både for forebyggande oppgåver og helseutfordringar hjå eldre
  • er fleksibel
  • snarleg tilsetting vil verte prioritert

Vi tilbyr

  • godt legefellesskap der du har høve til å delta på vekentlege møte saman med fastlegane
  • dyktige kollegaer både på helsestasjonen og på sjukeheimane
  • Spennande utfordringar og ein variert arbeidskvardag
  • Arbeidstid på dagtid med fleksitidsordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Camilla Nupen, Avdelingsleiar helsestasjonen, 90075316, camilla.nupen@orsta.kommune.no
Runa Bakke, Tenesteleiar Helse, tildeling og koordinering, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78
6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5113009050
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 10.05.2026

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.