Ekstern annonse
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin
Ønskjer du nye utfordringar i 2026?
Kva med å bli ein del av eit fagfelt i stadig utvikling, der du som lege kan utvikle og bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønsker du å jobbe i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø? Då bør du vurdere ei stilling hos oss!
Vi har no ledige vikariat ved begge seksjonene våre i Avdeling TSB Molde. Vikariatet tilknytta poliklinikken vil vere av lengre varigheit. Vi søkjer etter legar med interesse og engasjement for rusfeltet, og som vil vere med å vidareutvikle eit godt og heilheitleg behandlingstilbod for pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Avdeling TSB gjev tverrfagleg spesialisert behandling til vaksne med rus- og avhengigheitslidingar. Individuelt tilpassa behandling vert gjeve i form av poliklinisk oppfølging, avrusing (akutt og elektiv) samt differensiert døgnbehandling. Avdelinga består av poliklinikk, avrusning og korttidsdøgn i Ålesund, og poliklinikk og langtidsdøgn i Molde. I tillegg tilbyr TSB eigen poliklinisk oppfølging til pårørande, behandling av spelavhengigheit og behandling av anabole steroider. For å sikre heilskaplege og koordinerte tenestar samarbeidar TSB med ulike eksterne instanser.
Stillingane inneber eit tett samarbeid med dei andre seksjonane og legene i avd. TSB. For begge stillingane gjeld inga vaktordning og tiltreding etter nærare avtale.
Ta gjerne kontakt for ein uformell prat om du ønskjer meir informasjon. Du er velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Mottak, utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med rus- og avhengighetslidingar og komorbiditet, inkl. LAR
- Deltaking i tverrfagleg samarbeid og drøftingar
- Undervisning og veiledning internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend turnusteneste/ LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
- Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan også søkje midlertidig stilling
- Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper, men også har god evne til å arbeide sjølvstendig
- Du har eit fagleg engasjement og interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
- Du har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og løysingsorientert
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Rettleiing av erfarne overlegar
- Variert, utfordrande og lærerik teneste
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde her
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar, Ann.Kristin.Lillebostad.Hovden@helse-mr.noArbeidsstad
Strandgata 16415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5078479992
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.03.2026