Ekstern annonse

Lege i spesialisering innan psykiatri

LIS Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF - Møre og Romsdal
Opdølvegen 4, 6450 HJELSET
Fast Lege i spesialisering Heltid Søknadsfrist: 12. Apr 2026

Vi har no ledig fast utdanningsstilling innan psykiatri i Molde frå 13.04.26. Oppstart ved seksjon for Psykosebehandling SNR. Vi tilbyr alle nødvendige delar av spesialistutdanninga i psykiatri. Våre LIS gir tilbakemeldingar om eit triveleg og godt arbeidsmiljø med høg grad av tilfredsheit med spesialistutdanninga.

For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere omlag 18-delt tilstedevakt. Stillingen vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga. 

Psykosebehandling SNR har 11 sengar og er lokalisert i det nye bygget til sjukehuspsykiatrien ved det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset i Molde. Oppstartdato er fleksibel, og kan avtalast fram i tid om ønskjeleg.   


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar 
  • Sjølvstendig arbeid med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar 
  • I samarbeid med psykiater gjere vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling 
  • Deltaking i vaktordning 
  • Bidra i rettleiing av LIS1 og medisinstudentar 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 
  • LIS1 utan fullført LIS1 teneste kan også verte vurdert for tilsetting. Alle læringsmål for LIS1 må vere oppfylte før tiltreding.
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner 
  • Du kommuniserar godt både internt og eksternt 
  • Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg
  • Du har interesse for psykiatri

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Ei god spesialistutdanning i psykiatri med hyggelige kollegaer og fornøyde LIS3
  • Vi tilstreber å legge til rette for gode spesialiseringsløp for LIS3 med mogelegheit for å legge til rette både i forhold til rekkefølge på rotasjon, vaktbelastning og arbeidstid
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
  • Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

 

Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Nordmøre og Romsdal her

Kontaktinformasjon

Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, geir.magne.nodtvedt@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5086221965
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal