Ekstern annonse
Vil du ha ein lærerik og spennande sommar på Haukeland universitetssjukehus?
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar kvar dag for å fremje helse og livskvalitet – og sommaren 2026 treng vi dyktige og engasjerte legar eller medisinstudentar med lisens til sommarvikariat ved fleire avdelingar.
Vikariata varer frå 4–10 veker, og vi har felles rekruttering for å gjere det enklare for deg som søkar.
Kandidatar som kan arbeide samanhengande og i lengre periodar vil bli prioriterte.
📅 Arbeidsperiode: veke 25–35
Her treng vi deg
Psykiatri:
- Psykiatrisk klinikk - 3 vikariat
- Øyane distriktspsykiatriske senter - 1 vikariat
- Kronstad distriktspsykiatriske senter (allmenn døgn) - 1 vikariat
- Bjørgvin distriktspsykiatriske senter - 2 vikariat
Somatikk:
- Kirurgisk klinikk - Plastikkirurgisk avdeling 1 vikariat
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
- Gjerne relevant klinisk erfaring
- Interesse eller kjennskap til fagfeltet (legg ved dokumentasjon)
- Kunnskap om DIPS og andre fagsystem
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Personlege eigenskapar
- Profesjonell og empatisk i møte med pasientar
- Imøtekommande og respektfull
- God samarbeidsevne i tverrfagleg miljø
- Kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Bidrar til eit positivt og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Målretta og effektiv
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linda Røthe Ystanes, Rådgivar, +47 92292668Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5092843390
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 19.03.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.