Ekstern annonse
Lege i spesialisering øyesykdommer
Har du lyst til å bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på høg faglegheit?
Øye-seksjonen ved Klinikk SNR har ledig eit vikariat for Lege i spesialisering øye med tilsetting frå snarest. Oppstart i stillinga etter avtale med leiar, varigheit 1 år.
Vi har for tida 4 overlegar ved seksjonen og 4 LIS. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom legar, sjukepleiarar og merkantilt personell ved seksjonen. Den største aktiviteten er ved poliklinikken med polikliniske konsultasjonar. Vi har flytta inn i splitter nye lokaler ved det nye akuttsjukehuset på Hjelset.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- Delta i vaktordning i seksjonen
- Ein vesentleg del av arbeidstida er poliklinisk arbeid, men også kirurgi i form av bl.a. okuloplastikk
Kvalifikasjonar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnusteneste etter gammal ordning
- Norsk autorisasjon som lege
- Meistre nordisk språk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode evne til å samarbeide, men også jobbe sjølvstendig
- Trivst i eit hektisk miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marina Elnes, Seksjonsleiar, Marina.Elnes@helse-mr.no
Arbeidssted
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5087692845
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2026